Korleis tek vi bærekraft på alvor?
Bærekraft er eit tema som skiljer valkampen i 2021 frå den i 2017. No er våre og FN sine felles bærekraftsmål med i alle diskusjonar, og utslepp av klimagassar som gjev global oppvarming, heilt sentralt. Det betyr og noko at 340 masterstudentar på NHH tek kurs i “Sustainable Finance”, eit kurs som ikkje fantes i 2017.
Mykje av debatten dreier seg om nye, fossilfrie energiformer, betre resirkulering og å sikra naturmangfald. Eg tenkjer at det er for lite fokus på redusert forbruk, redusert bruk av energi og ressursar, og korleis vi skal få til betre global deling. I tillegg er bærekraft meir enn miljø, det handlar og eksempelvis om sosiale tilhøve og rettferdighet.
Ideen om Gi Gaven Videre er motivert av altor mange meiningslause gåver, som difor og er sløsing med ressursar og bortkasta muligheter. Rette gåver i rett tid er flotte, dei viser omtanke og respekt, utfordringa er når gåvene kostar mykje meir enn dei er verdt for mottakarane.
Eit typisk eksempel er arbeidsgjevarar som gjev same gåva til alle tilsette, det er heilt urealistisk at det treff alle. Eller, gåvesituasjonar der mottakaren, som meg då eg vart 50 år, kjenner at ein ikkje treng noko sidan ein har alt ein treng allereie. Då valde eg å heller samla inn pengar til eit prosjekt for tenåringsjenter i Bangladesh.
Kva kan så Gi Gaven Videre bety i den store bærekrafts samanhengen? Berre i Noreg brukar vi mange milliardar, kor mange er vanskeleg å anslå, på gåver, premiar og giveaways. Mange av desse fell dessverre i kategorien at dei kostar langt meir enn dei er verdt. Faren er då at dei ikkje vert brukte, vert kasta, eller går til gjenbruk.

Visjonen til Gi Gaven Videre er difor å frigjera desse verdiane slik at dei heller kan finansiera organisasjonar som gjer noko konkret overfor bærekraftsmåla. Og samstundes reduserer vi ressursbruk og klimagassutslepp knytta til produksjon og transport. Det at gåvene tek mottakar på alvor ved at ho eller han kan velja mellom over 100 godkjente gode formål, bidreg og til at dette vert meiningsfylt og får stor verdi for mottakar.
Gi Gaven Videre har vore tilgjengeleg som julegåve frå arbeidsgjevarar til tilsette sidan 2019, og vi har fått overveldande mange gode tilbakemeldingar frå dei som har fått gåvekort. Tida vi går inn i no, fram mot jul, vil vi bruka til å halda fram arbeidet med å ta både ta bærekraft og mottakar på alvor. Blir du med på laget?
– Aksel Mjøs, Initiativtaker Gi Gaven Videre og Instituttleder Finans ved NHH, Norges Handelshøyskole